Kva om økonominyheitene i media hadde handla litt mindre om renter, aksjekursar og skattemigrantar, og litt meir om korleis vi best kan koordinere våre felles knappe ressursar for å dekkje våre viktigaste behov?
«Eigentleg burde økonomien kreve mindre av oss etter kvart som han vart meir effektiv. Men i staden krev han berre meir og meir.»
Det seier Timothée Parrique, forskar i økologisk økonomi, i filmen Outgrow the system, som i det siste er blitt vist i ei rekkje norske byar – ikkje på kino, men på universitet og hos organisasjonar.
Filmen handlar om menneske som prøver å skape betre økonomiske system. Det er mange av dei, både menneska og systema, men det skulle ein ikkje tru om ein berre følgjer økonominyheitene i massemedia.
– Ein skal ikkje måtte vere utdanna økonom for å ha ei meining om økonomi, seier regissør Cecilia Paulsson, over ein zoom-link.
– I mediediskursen får ein inntrykk av at økonomi er ei naturkraft vi ikkje kan påverke. Det er noko vi er vande med å overlate til ekspertane. Men økonomien skal jo vere eit verktøy for at vi og planeten skal ha det bra. Vi skal ikkje vere til nytte for økonomien, den skal vere til nytte for oss.
Det tek til å bli meir og meir tydeleg at det vi kallar økonomien, først og fremst er ei maskin som konsumerer meir og meir ressursar raskare og raskare, samtidig som pengane dette genererer, blir samla på stadig færre hender.
Skadeverknadene av dette systemet er synlege over alt ikring oss, i form av øydelagd og utarma natur, ekstremvêr, prangande rikdom og synleg fattigdom. Men Paulsson og filmens andre regissør Anders Nilsson ville ikkje lage enno ein dokumentar om kor ille det står til. I staden ville dei vise fram kva vi kan gjere i staden.
– Det har lenge plaga meg at dei som vil ha positiv forandring, ikkje har hatt så mange idear om kva som kan erstatte systemet vi lever i, seier Nilsson.
– Kva slags andre visjonar og idear finst? Korleis kan vi organisere samfunnet annleis frå grunnen av?
Outgrow the system gjev ein kort presentasjon av nokre slike idear. Somme av dei er førebels på teoristadiet, slik som «participatory economics», eit forslag til deltakarstyrt økonomi der folk kjem saman for å ta felles avgjerder om produksjon, forbruk og fordeling av ressursar i eit samfunn, etter visse reglar.
Andre er i ferd med å bli utprøvd i praksis i større og mindre skala, slik som «smultringøkonomien». Det er ein modell som tek utgangspunkt i at all økonomisk aktivitet må medverke til å dekkje folks grunnleggande behov, utan å overskride planetens biofysiske tolegrenser. Modellen er utvikla av den
britiske økonomen Kate Raworth, som har foreslått eit sett prinsipp for ein slik økonomi, og etablert eit globalt «laboratorium» der folk kan prøve ut prinsippa og dele erfaringar.
I utgangspunktet var filmen ein del av eit større prosjekt som brukte drama for å utforske korleis ungdom ser for seg eit godt framtidssamfunn, fortel Anders Nilsson.
– Det handla om å gje klimaengasjert ungdom verktøy for å teikne eit tydelegare bilete av kvar dei vil. Det er så lett å stivne i motstand og protest, men vanskelegare å tenkje på kva samfunn ein vil ha og kva ein er for, seier han.
Filmen er likevel laga for alle, ikkje berre ungdom. Og då prosjektet var ferdig, ville initiativtakarane gjerne halde fram med å diskutere korleis ein kan skape betre økonomiske system.
Dei etablerte ei svensk avdeling av the Wellbeing Economy Alliance (WeAll), eit globalt nettverk for personar og organisasjonar som ønskjer seg ein økonomi som fungerer til det beste for menneske og natur, anten det skjer under merkelappen smultringøkonomi, deltakarøkonomi, motvekst, not-for-profit-økonomi, eller noko anna.
– Det er fint å kjenne at ein er del av noko større, noko globalt. Når ting kjennest dystert i Sverige, kan ein i alla fall la seg inspirere av ting som går rette vegen andre stader, seier Paulsson.
Sidan arbeidet med filmen starta i 2020, har mykje endra seg i verda: Covid-pandemien gav eit blaff av medvit om at dagens økonomiske system gjer store grupper menneske sårbare, men også om at store endringar kan skje på kort tid når det er nødvendig.
No ser derimot desse innsiktene ut til å drukne i krig, høgrepopulisme og framtidspessimisme. Korleis tenkjer dei to om det?
– Ser ein på hovudstraumane i samfunnsdebatten, er det veldig dystert. Dei alternativa vi er opptekne av, er ikkje synlege der, dei boblar i staden under overflata, seier Paulsson.
– Men nettopp fordi det kan kjennest som at ytre høgre er dei einaste som har visjonar – sjølv om visjonen er å gå tilbake til ei romantisert fortid – så har eg kjensla av at ideane vi tek opp i filmen, trengst meir enn nokon gong.
Og Nilsson legg til:
– Sjølv trur eg den fascistiske tonen i samfunnsdebatten kjem av eit desperat forsøk på å klamre seg fast i det rådande økonomiske systemet: At vi skal halde fram med privatiseringa, prioritere eigedomsretten, og overlate til marknaden å løyse alle problem.
Dei alternative systema som blir presenterte i filmen, gjev ikkje alle svar, og viktige spørsmål er uutforska. Korleis kan vi til dømes utjamne maktbalansen mellom dei rike få og dei makteslause mange? Og kan vi greie å frigjere oss frå førestillinga om at meir teknologi alltid er betre, og få ein meir mangfaldig debatt om kva framsteg eigentleg er?
– Ambisjonen vår er å skape nysgjerrigheit, for ein blir ikkje utlært av filmen, seier Nilsson.
– Men folk bør vite at det finst alternativ. Så kan ein fordjupe seg meir på eiga hand, og arbeide for at dei ideane ein har mest tru på, kan bli realiserte.
Paulsson fortel at for hennar del har arbeidet med filmen opna augo for kor mange aktørar som faktisk arbeider med slike spørsmål rundt omkring i verda. Då arbeidet starta, hadde dei ei god formeining om kven dei ville intervjue i filmen.
– Seinare vart vi kontakta av mange vi aldri hadde høyrt om. Så eg trur dette er noko som har gjæra ei stund og byrja vekse. Vi ser i alle fall ei tydeleg interesse no.
Distribusjonen har skjedd organisk, og filmen er blitt vist over heile verda utan at dei eigentleg har lagt ned nokon stor innsats for å få det til, fortel ho.
– Mi tolking er at mange er trøytte av å berre høyre om problema, det hjelper jo ikkje å få fleire detaljar om det, og eg kjenner at eg er trøytt av det sjølv. Folk kjenner eit sug etter løysingar. Målet vårt er å skape ei kjensle av at ting kan endrast. Økonomi er jo eit system som er skapt av menneske, og ingen andre enn vi menneske kan endre det.
På denne sida finst eit skjema ein kan fylle ut dersom ein ønskjer å arrangere ei visning av Outgrow the system.
Nyleg vart WeAll Norge etablert (av Fremsam, WellFare (NTNU), Foreningen Robust, Rethinking Economics Norge og Stedskaping).
I denne vitskaplege artikkelen ser forskarar på korleis Noreg kan bli ein smultringøkonomi.
Dei internasjonale selskapa for økologisk økonomi og motvekst arrangerer ein stor konferanse i Oslo i juni, der alle interesserte kan melde seg på. Meir informasjon finst her.
Er du interessert i å vite meir om vekstfri utvikling, kan du følgje nettsidene til Vekstfri Norge, eller melde deg på dette nyhendebrevet.