Unnskyld. Det er min feil at dykk, mine yrkesbrør og – søstrer i landbruket, må springe enda fortare og gro graset raskare, og fôre dyra enda hardare, og ta opp enda større lån.
Unnskyld for at dykk må kjøpe enda større traktor og raskare grashaustingslinje, og investere i større fjøs for å levere fleire og større dyr – for så å tene det same som i fjor, eller følge normeringsfaktoren, som vi har lært at det heiter.
Det er eg som er skyld i det. Eg skjønte det i vår då jordbruksforhandlingane gav meg innsikt i at ein normeringsfaktor på 20 prosent må vi fortsette å ha, all den tid ikkje alle (små) bønder har eit «optimalt driftsopplegg» og ikkje leverer maksimalt mogleg mengde kjøtt, korn, grønt eller mjølk.
Mitt enkle driftsopplegg, der dyra gjennom vinteren går inn og ut av fjøset som dei vil, får rundball med godt gras med innslag av ugras, som enkelte kallar det. Der dyra lammar når det første graset kjem om våren, går til fjells og følger graset mot snøkanten, til dei kjem ned att til det gode graset (håa) rundt garden om hausten, og gir slakteklare lam i midten og slutten av oktober, utan eit gram kraftfôr.
Eg maksimerer ikkje utbytte frå matjorda mi med maks innsats på jordbearbeiding, med maks antal oppetne naboar, for å gi maks antal rundballar, som kan gi maks antal dyr i eit maksimalt stort, og maksimalt dyrt, fjøs med full møkkjellar og maksimal gjeld.
Dette har eg skjønt er ikkje-optimalt og i utakt med alle politiske og sterke krefter i landbruket: Regjering, Bondelag, Landbruksrådgiving og Nortura.
Mitt opplegg er i utakt med «bonden sitt eige samvirke» Nortura. Dei vil ha tidleg levering og «stimulerer» oss med prisløypa for å få til det. Vi skal levere lam i beste beitetid. Når prisen er på sitt høgaste er ikkje dyra mine komme under skoggrensa ein gong, fordi graset er så godt i høgda.
«Marknaden» vil ha det, forklarer Nortura seg med. Marknaden – det er jo oss forbrukarar det.
Våkn opp, Nortura, det er ikkje oss forbrukarar som vil ha fårikål i august, det er matvarekjedene. Dei utnyttar berre vår høgst menneskelege godkjensle av sesongendring. Den same kjensla som gjer at julebrusen kjem i oktober og påskemarsipanen i februar.
Mitt opplegg er i utakt med «bonden sitt eige salslag» Felleskjøpet, som følger opp og har tilbod på kraftfôr til lam i august. «Så har du slakteklare lam når prisen er på topp», som det stod i reklame-SMSen dei sende meg.
Kva skal ein med fiendar, når ein har slike venner?
Mitt opplegg er i utakt med samvirket Norsk Landbruksrådgiving, som ved synfaring og rådgiving då vi flytta hit ein gong midt på 2000- talet, råda meg til å skjerpe plogen og bygge fullisolert fjøs med full kjellar til 120 sau.
Eg lurte på om det var fleire enn kjellaren som var full, og bygde heller ei tørr, trekk- og gjeldfri «plankebu» med grusgolv til 100 sau, og pløgde jorda minst mogleg.
Mitt opplegg er i utakt med Regjering og Bondelag. Eg maksimerer ikkje utbytte frå matjorda mi med maks innsats på jordbearbeiding, med maks antal oppetne naboar, for å gi maks antal rundballar, som kan gi maks antal dyr i eit maksimalt stort, og maksimalt dyrt, fjøs med full møkkjellar og maksimal gjeld.
I staden let eg matjorda vere litt meir i fred, som gir litt betre jordliv, litt fleire insekt og småfuglar, mykje mindre arbeid og færre utgifter og mindre gjeld, men som også gir litt færre rundballar, som gir litt færre dyr, med litt betre plass i eit enkelt fjøs utan møkkjellar.
Prisen for denne utakta, eller mangel på «optimalt driftsopplegg», er å vere gjeldfri med ein liten saueflokk og ei enkel attåtnæring etter fiskarbonde-modell, men også å vere skyld i at mange andre bønder må fortsette å springe fortare, ete opp naboen, ta opp meir lån og gro graset raskare for kvart år.
For det seier eg unnskyld.